1910_bilde_lite.jpeg

Etne

Etne kommune ligg sør i Hordaland fylke og grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda kommunar; dei tre sistnemnte ligg i Rogaland.

Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.

Mellom stupbratte fjell skjer den omlag 3 mil lange Åkrafjorden seg inn i landet til fleire smågrender. Grøderikt jordbruksland er kransa av fjell, fjordar og eit idyllisk øyrike.

Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Hordaland. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar.

Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.

Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet. Fiskesesongen er frå juni til september, med utleige av fiskesoner på døgnbasis. Det er gode tilhøve for ferskvassfiske i Stordalsvatnet og i meir enn 40 fjellvatn.

Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. I sommarhalvåret står desse bak dei fleste arrangementa som går føre seg i bygdene, der Etnemarknaden i august er største einskildarrangement. Torgdagane, Skånevik Bluesfestival, Forteljarfestivalen, Jakt- fiske og turdagane og Etne cup er andre einskildarrangement.

Viser resultat etter treff i "Etne" og "kommuner"

Kommuner

Kommuner er Norges laveste administrative og folkevalgte nivå. Kommunens ansvarsområder inkluderer basisoppgaver som helsetjenester, skole og barnehager. Alle norske kommuner er en del av en fylkeskommune. Det er i Norge 430 kommuner, og størst er Oslo.







Annonse