Vang
Vang er den øvste kommunen i Valdres, midt i Sør-Norge og rett inn for Sognefjorden. Området har lange tradisjonar som møteplass og ferdselsåre mellom aust og vest, og stamvegen E-16 mellom Oslo og Bergen går gjennom heile kommunen.
I nord finn vi Jotunheimen med innsjøane Tyin og Bygdin. Ein stor del av totalarealet på vel 1500 km2 ligg over 1000 m o h, men busetnaden er konsentrert ved dalbotnen langs Begnavassdraget med Vangsmjøsa.
I følgje Snorre Sturlason hadde Harald Hårfagre si rikssamling utgangspunkt i Vang - med Gyda som vaks opp på Kvie. I følgje Snorre bar Olav den heilage si ferd gjennom bygda i 1023 meir preg av herjing og strid en kristning av bygda. Det er likevel seks kyrkjer i Vang, og to av desse er stavkyrkjer. St.Tomaskyrkja på Filefjell vart riven i 1808 men er seinare bygd opp att, og Vang stavkyrkje vart selt i 1843 og står no i Polen. Vang sitt kommunevåpen med tre sverd og liljebord skriv seg frå riddaren Sigvat på Leirhol. På 1200-talet rådde han over øvre Valdres med Hallingdal og var medlem av Riksrådet. Han har også gjeve namn til Riddarspranget, der han hoppa over Sjoa med ei jente han fekk med seg frå Gudbrandsdalen.
Med knapt 1600 innbyggjarar har kommunen klart å halde oppe gode tenesttilbod, med vel utbygde barnehagar, grunnskular, helse- og omsorgstenester og kulturtilbod. Vinjerock på Eidsbugarden ved Bygdin samlar unge og eldre frå heile landet kvart år. Store fjellområde gjev gode tilhøve for friluftsliv heile året. Hovudnæringa har tradisjonelt vore jordbruk med mjølkeproduksjon og sauehald. Store delar av dei mange stølsområda rundt om i kommunen er framleis i aktiv drift. Turisme og reiseliv, som har lange tradisjonar i Vang, er også viktige næringar.
Høre skule
61 36 76 70 - 2973 Ryfoss
Vang barne- og ungdomsskule
- 2975 Vang I Valdres
Vang folkebibliotek
- 2975 Vang I Valdres
Vangsheimen
61 36 94 00 - 2975 Vang I Valdres
Øye skule
- 2977 Øye
Vang kommune
61 36 94 00 - Kommunehuset, 2975 Vang I Valdres
Fredriksen Transport & Graveservice AS
61 36 83 39 - 2973 Ryfoss
Jotunkraft AS
61 36 75 40 - Elvang, 2975 Vang I Valdres
Ryfoss Betong AS (Hovedkontor)
61 36 76 50 - Ryfoss, 2973 Ryfoss
Vang Energiverk Kf
61 36 75 50 - 2975 Vang I Valdres
Skatt Øst (Avd Vang)
- Kommunehuset I Vang, 2975 Vang I Valdres
Vang Lensmannskontor Valdres
61 36 86 50 - 2975 Vang I Valdres
Base Sør
- 2975 Vang I Valdres
Nav Valdres
61 41 85 00 - 2975 Vang I Valdres
Vaksenopplæring
- Lund, 2975 Vang I Valdres
Vaktmeister/reinhald
- 2975 Vang I Valdres